Ingen kan gje deg råd eller hjelp, ingen. Det finst berre éin veg, den inn i deg sjølv. Gransk den grunnimpulsen som driv deg til å skrive; prøv om han strekkjer røtene ned til dei djupaste stadene i hjarta, kjenn: Var det som jamgodt med å døy, å bli nekta å skrive. Spør framfor alt, i natta sin stillaste time: må eg skrive? Vent så på svar ifrå djupet. Og skulle det stemme i, skulle det timast å få møte dette store spørsmålet med eit sterkt og enkelt "Eg må", så bygg heile livet på denne trongen; ned i si mest trivielle og likesæle stund må livet ditt vitne og vise dette.
Rainer Marie Rilke: Brev til ein ung diktar
Eg har lenge visst at eg må få tak i "Brev til ein ung diktar". Nå er eg endå meir sikker.
SvarSlettLikte den. Og likte det første brevet, som dette sitatet er hentet fra, aller best.
SvarSlettUtrolig skrevet!
SvarSlettSjeldent et sitat gjør sånt inntrykk.